PlanID: 1244 20160005
Med heimel i plan- og bygningslova § 12-8 vert det med dette meldt oppstart på arbeid med detaljregulering for Gnr. 25, Bnr. 5 på Kalve i Austevoll Kommune. Planområdet er på omlag 22 daa medrekna sjøareal, og er i gjeldande kommuneplan sett av til arealføremåla LNF-Spreidd bustad, næring; fritid- og turistføremål ved sjø, og bruk og vern i sjø.
Føremålet med planen er å leggje til rette for 11 bustadseiningar, eit fellesnaust for bustadane, samt ei grønstruktur. Vidare inngår tilhøyrande infrastruktur, parkeringsplassar, renovasjonsanlegg, kai, flytebryggjer, uteopphaldsareal, m.m., og det skal etableras ein allmenn passasje ned til sjø. Det gjerast oppmerksom på at det kan bli foretatt mindre justeringar.
Utval for plan og byggesak i Austevoll kommune har i vedtak frå sak 161/16 i møte 25.10.2016 godkjent oppstart av planarbeidet. Berørte naboar, grunneigare og offentlege instansar vert varsla direkte. Ved 1. gongsbehandling vert planen lagt ut på heimesida til Austevoll kommune, https://www.austevoll.kommune.no/ under reguleringsplanar.
Alle merknader vil følgje saken til politisk behandling. Uttalefrist er satt til 4 veker.
Planprogram for planarbeidet kan lastes ned her.
Høyringsfrist for planprogrammet er 6 veker.
Merknader til varsel om oppstart som har innverknad på planarbeidet kan rettes til:
Kaleidoscope Nordic AS, Johan Berentsensvei 84, 5163 Laksevåg
eller til mail@kaleidoscopenordic.com innan 09.02.2017.